“Skulle ønskje eg
vaks opp på
ein slik stad.”

Hedvig Wessel, skistjerne

Din draum – vår kvardag

Å flytte til fjellbygda Vågå sletter brorparten av boliglånet, frir deg frå tidsklemma og gir deg unike arenaer til samvær med dei som verkeleg betyr noko for deg – omgitt av natur i den absolutte Noregstoppen. Eit høgst levande sentrum med nisjebutikkar, kvalitetskafear og sambygdingar i triveleg prat i gatebildet har vi og. Ein kan faktisk bli lykkeleg av mindre.

Oppveksteldoradoet

Jau då, flatskjermar finns og i Vågå – men eventyra utandørs er så mykje meir spanande. Ved middagsbordet fortel ungane om geitekillingane dei har klappa, auren dei lurte i bekken – og har det brenntravelt med å kome seg ut att i akebakken eller den råaste sykkelparken i landet. Vi vågar veddemålet: Vågå er den mest aktive bygda i Noreg.

Gründerbygda

Her innst i oljeskuggen treng du ikkje frykte nedskjæring og utflagging: I blomstrande Vågå finns knapt nok arbeidslause – og vi legg meir enn gjerne til rette om du vil starte opp for deg sjølv. Nystarta gründerkollektiv i kraftig vekst med masse kreativ spisskompetanse er på plass.

Friluftsliv i verdsklasse

Rundt deg spinn verda stadig raskare, men det er framleis mogleg å tøyle farta i eige liv. Hoppe av hardkjøret, til eit tilvære fylt med djupare (og høgare!) meining. Her midt mellom Jotunheimen, Dovrefjell og Rondane, er vi bortskjemde med friluftsliv i absolutt verdsklasse, fire fantastiske årstider og sjølvsagt: God gamaldags vinter.

Verdivalet

I Vågå vassar vi i kvalitet frå aller øvste hylle. Her bur du midt i matfatet, toppa av ei mengd lokale matprodusentar. Her vaknar du midt i kulturskatten, med lys levande tradisjonskultur innanfor handverk, musikk, dans. Her er du ein del av eventyret – i bygda med flest verna tømmerhus og praktgardar i landet. Aller best: Her blir du verdsett, fordi du er med å utvikle bygda vidare.

Tumleplassen

Å slå rot og finne sin plass i Vågå er lett – av di så mange har gjordt det før deg. Her finn du raskt mange likesinna, anten dei har budd i Vågå heile livet eller fløtt hit med familien. Eit enormt aktivitetstilbod, levande og kompakt sentrum og godlynte bygdefolk gjer Vågå til ei bygd der det er superartig å vekse opp, stimulerande å vere vaksen og godt å bli gamal.

Magneten

Då National Geographic skulle kåre verdas 20 beste fjellturar plasserte dei Besseggen på toppen. Med 70.000 fjellvandrarar årleg har verdsattraksjonen gitt lokalt reiseliv eit kraftig lyft – og nye tilbod og aktivitetar skyt opp kvar sesong. Andre reisande valfartar til Vågå for å oppleve matmekkaet Brimiland, dei unike nasjonalparkane – og akrobatikken til nokre av verdas beste (og blidaste!) skiartistar i skavlane på supertrivelege Lemonsjøen alpinanlegg.

Vågå på 1,2,3

  • Snaut 3600 livsnytarar busett i hjarta av Fjell-Noreg.
  • Krinsa av fem nasjonalparkar – mellom anna Jotunheimen, Rondane og Dovrefjell.
  • Blomstrande reiseliv, handel, industri og kreative verksemder.
  • Full barnehagedekning – med musikkbarnehage, gards-og naturbarnehage og sentrumsbarnehage.
  • Barneskule og ungdomsskule i bygda, og ein halvtime til to vidaregåande skular.
  • Særs aktivt kulturliv og masse idrettstilbod – inkludert landets trivelegaste alpinanlegg.
  • Knusktørt innlandsklima med gamaldags snøvinter og varme somar.

Møt din bygdeguide

Sigurd Rønningen

Nyfrelst vagver som etter mange år som bymann leita Sør-Noreg rundt før valet falt på Vågå. Med kone frå Stavanger og tre små ungar er Sigurd mannen å snakke med om du føler spranget frå byen er ekstremt: «Det ekstreme er å bli buande i byen!»

Møt din bygdeguide

Marius Haugaløkken

Turistvert, livsnytar, tobarnsfar, gründar og gledesspreiar: Marius er den perfekte sparringspartnar om du er på jakt etter livskvalitet frå øvste hylle – og eit spenstig reiselivsprosjekt eller to å kaste deg over.

Møt din bygdeguide

Tora Sandbu

Firebarnsmor, næringsutviklar, informasjonsbank og nær allvitande kontaktpunkt: Tora har ei lang rekke nyinnfløtte bygdefolk på «samvitet» – og vil gjerne gjere lista enno lengre ved å svare på dine fråger.